Behandlingsansvarleg

Riktig behandling av forretningsinformasjon og personopplysningar er viktig for iVest Consult. Våre interne rutinar for behandling av personopplysningar er laga for å kunne etterleve relevant lovgiving. Dagleg leiar er på vegne av iVest Consult behandlingsansvarleg for personopplysningar selskapet behandlar.

Personopplysningar som lagrast

Vi lagrar følgande personopplysningar om våre kundar;
Namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse. For kundar der det er aktuelt lagrar vi og opplysningar om gards- og bruksnummer.

iVest Consult brukar leverandørar av IT-tenester og IT-infrastruktur, som støttetenester til alt vårt arbeid. iVest Consult inngår databehandleravtalar med alle leverandørar som
leverer tenester der det vert behandla personopplysningar.

Formål med behandlinga

Vi behandlar opplysningane for å kunne gjennomføre våre forpliktingar etter avtale med deg som kunde og for å kunne følge opp våre forpliktingar til gjeldande lovgjeving som Plan- og bygningslova og Forvaltningslova mfl..

Grunnlaget for behandlinga

Informasjon om namn, adresse, telefon, e-postadresse brukast for å oppfylle oppdragsavtalen. Grunnlaget for denne behandlinga er artikkel Art 6 (c) i Personvernforordninga – avtalegrunnlag.

Informasjon om namn, adresse og gards- og bruksnummer brukast for å oppfylle oppdragsavtalen og for å oppfylle rettslege forpliktingar etter Plan- og bygningslova og Forvaltningslova. Grunnlaget for denne behandlinga er artikkel Art 6 (c) i Personvernforordninga – lovgrunnlag.

Ved fakturering kan personopplysningar brukast. Utgåande faktura skal stette krava i bokføringslova. Grunnlaget for denne behandlinga er artikkel Art 6 (c) i Personvernforordninga – lovgrunnlag.

Innhenting av personopplysningar

Normalt vil personopplysningar vi behandlar bli motteken frå vår kunde, men dei kan og komme frå eksterne kjelder, slik som offentlege portalar eller ved førespurnad til kommunar dersom vi har lov til å bruke informasjonen.

Utlevering av opplysningar til tredjepartar

For å kunne oppfylle våre forpliktingar etter avtalen utleverast naudsynte opplysningar til våre samarbeidspartnarar og ved behov offentleggjer vi personopplysningar for å oppfylle våre rettslege forpliktingar.

Sletting av personopplysningar

iVest Consult har innført rutinar for sletting av opplysningar. Omfanget av opplysningar som behandlast og måten desse behandlast på avgrensast til det som er nødvendig for å oppfylle oppdragsavtalen. Opplysningar om tidlegare leverte tenester vil oppbevarast i arkiv fram til eventuelle rettskrav er forelda. Opplysningar vi etter bokføringslova er forplikta til å bevare vil etter gjeldande lovkrav lagrast i inntil 5 år.

Rettar for den registrerte

Vi behandlar dine personopplysningar i etter personopplysningslova og gjeldande forskrifter. Vi gjer merksam på at du kan krevje innsyn i og flytting av eigne personopplysningar, og i tillegg krevje retting eller sletting av opplysningar.

Det kan sendast klage til Datatilsynet på behandling i strid med reglane.

Informasjonssikkerheit

Vi har gjennomført naudsynte sikkerheitstiltak (fysiske, elektroniske og administrative) for å beskytte personopplysningane dine frå tap, øydelegging, misbruk og uautorisert tilgang eller utlevering.

Kontaktinformasjon

Førespurnad om kva opplysningar som er registrert, retting og sletting kan rettast skriftleg til følgjande adresser:

E-post: post@ivestconsult.no

iVest Consult AS
Strandgata 10
6905 Florø