I Samband med oppstart av reguleringsplan for fimlandsmarka/Vågastubben har vi vore på synfaring i lag med Firdaposten, Salt Arkitekter og tiltakshavar for planarbeidet, John Sigurd Solberg.
Grunneigar John Sigurd Solberg har planar for tomta si i Gunhildvågen. Han ønskjer å gjere området meir tilgjengeleg for folk flest. Ein offentleg tilgjengeleg steinmolo med badstue med sjøtrapp og grindbygg. Det kjem også ei eiga badestrand. Ideen både til arkitekten og arealplanleggarane har vore å opne opp tilgangen til sjøen, både for dei som bur i området og for folk flest