Magdalena Renkas er tilbake som landskapsarkitekt i iVest Consult, etter 2 år i Bergen. Magdalena har teke master på det Miljø- og biovitenskapelige universitet i Wroclaw, Polen. No kjem ho frå Paraply landskap, og har jobba mykje med skulegårdar,  bustadområde, leikeplassar og møteplassar som skal vere tilgjengeleg for ålmenta, med fokus på universell utforming, biologisk mangfald og overvasshandtering.

Magdalena erfarer at å jobbe i iVest Consult gjev store moglegheiter for eigen utvikling, der ein får jobbe med prosjekt som har sikte på å skape betre verdiar for samfunnet. Det er også veldig lærerikt å jobbe tverrfagleg med høg kunnskapsdeling innanfor bedrifa.

Ho trivast godt med prosjekt med fokus på klimatilpassing og blå-grøne strukturar.

Vi er glade for å ha Magdalena på laget igjen!