Les heile artikkelen i Fjordingen
21.9.2021 (krev abonnement).
Etter over 40 år som Aaland Arkitektkontor fusjonerte stryneverksemda med iVest Consult AS i 1. september. – Vi skal yte same gode service, og døra inn til oss er framleis den same, seier Thea Nesdal ved arkitektkontoret i Stryn.
Torsdag vart fusjonen markert med «open dag», med kaffi og kake ved i Sentrumsgården.
– Fusjonen er ein styrke for kontora våre, og vi vil styrke fleire av fagfelta våre. Vi kan tilby eit breiare spekter av tenester, seier Anders Lien, dagleg leiar i iVest.
Aaland Arkitektkontor og iVest er ikkje ukjende med kvarandre. Selskapa har dei siste fem åra hatt tilknyting gjennom felles morselskap, men har blitt drive som to sjølvstendige selskap i Stryn og Florø. Fusjonen mellom selskapa inneber at iVest Consult overtek Aaland Arkitektkontor sine eigedelar, rettigheiter og forpliktelsar. Bakgrunnen for samanslåinga er at dette vil bidra til ei forenkling av selskapsstrukturen, samt å legge til rette for utnytting av dei samla ressursane. Kontoret i Stryn skal oppretthaldast etter fusjonen, og dei tilsette blir dermed del av eit større fagmiljø.