Varsel om planoppstart for Detaljregulering for Næringsområde ved Nikøy, Bulandet, i Askvoll kommune

I samsvar med plan- og bygningslova, § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid – forslag til detaljregulering for næringsområde ved Nikøy, Bulandet, Askvoll kommune. Tiltakshavar for planarbeidet er Askvoll kommune.

Aktuelt planområde omfattar del av Nikøy, Båtmannskjeret og Krabbeskjera, med tilgrensande områder i sjø.

Planområdet omfattar eller kjem i berøring med følgjande godkjente eller pågåande reguleringsplanar:

  • Eldre reguleringsplan for Båtmannskjer/-Krabbeskjer, godkjent 1994, med reguleringsformål industri, kai og veg, friluftsområde, samt trafikkområde i sjø. Heile planområdet.
  • Endring av reguleringsplan for Båtmannskjer/Krabbeskjer – symjebasseng, godkjent 1999, med reguleringsformål symjebasseng, anna byggeområde, veg, parkering, friluftsområde, samt trafikkområde i sjø. Heile planområdet.
  • Eldre reguleringsplan for del av gbnr. 70/1 Nikøy, godkjent 2003, med reguleringsformål bustad mm. Del av planområdet; langs fylkesvegen.
  • Område for påbegynt planarbeid på gbnr. 70/6-37 (varsla den 01.12.2017). Delar av tidlegare varsla planområdet er no tenk innlemma i planarbeidet som no vert varsla.

I tillegg inngår område sør for molo/veg til eksisterande industriområdet (Båtmannskjer/-Krabbeskjer). Varsla planområde er 133,6 daa og er vist i vedlegg 3 og 4. Endeleg planavgrensing kan bli justert i planprosessen.

I kommuneplan for Askvoll er aktuelt område på land avsett til Bygg og anlegg, Samferdsel/infrastruktur, LNF-område, i sjø Bruk og vern av sjø og vassdrag, Fiske/låssetting, med Omsynssone naturmiljø (vedtatt 2015).

Hovudformål med planarbeidet:

Hovudformål med planarbeidet er å legge betre til rette for eksisterande nærings-/ og industriverksemder på staden, samt legge til rette for vidareutvikling for framtidig næring innanfor området. Viktige moment som skal vurderast i planarbeidet er:

  • Regulere inn nytt industriområde/næringsareal sør for molo/veg til industriområdet på Båtmannsskjer/Krabbeskjer.
  • Vurdere vidare utfylling i sjø innanfor delar av regulert industriområde, då i hovudsak i område aust og søraust for etablert fiskeindustri på Båtmannskjer. Eksisterande fiskeindustri har behov for meir areal og ønsker å utvide eksisterande bygg sørover. Dette vil ikkje være mogleg utan utviding av areal med fylling i sjø slik at ein framleis har tilkomst til anlegget på begge side av bygg (mot vest og i aust).
  • Ny avkøyrsle frå fylkesveg til eksisterande og nytt næringsareal på Båtmannsskjer/Krabbeskjer, ny gangveg frå fylkesveg til symjebasseng, og vurdere vidare gangtilkomst til Joker Bulandet.
  • Arealbehov for sjøtrafikk i hamna med særskilt fokus på fordelinga mellom fiskerihamne-funksjonar, småbåttrafikk og generell næringstrafikk.
  • Avklare arealbehov rundt bygg for eksisterande symjebasseng.
  • Vurdere arealbehov og evt. plassering for bubilparkering innanfor eksisterande og nytt areal på/ved Båtmannsskjer/Krabbeskjer.
  • Vurdere arealbehov rundt eksisterande næring ved Joker Bulandet, med utfylling i sjø i området nord, og nordaust for området.
  • Vidare skal det vurderast endra formål innanfor delar av område avsett som Spesialområde, Friluftsområde på land i eldre planar (sjå nærmere beskrivelse i vedlegg 1).

Plantema som skal vurderast særskilt

Planprosess og omfang av plantema som skal vurderast særskilt, er avklara med Askvoll kommune i oppstartsmøte den 13.09.2019. Tema som skal vurderast i planarbeidet er blant anna landskap og estetikk, trafikktilhøve, biologisk mangfald, kulturminne, strandsone, samfunnstryggleik og beredskap, naturfare og klimatiske forhold.

Innanfor område sør for molo/veg til industriområdet på Båtmannsskjer/Krabbeskjer, og i området nord for Joker Bulandet (gbnr. 70/6, 70/37), er det frå før blitt utført konsekvensvurdering for naturmangfald, naturresursar, nærmiljø og friluftsliv, vurdering av sjøbotn og risikovurdering av sediment ved fylling i sjø. Desse vil bli lagt til grunn i planarbeidet. Sjå utsnitt frå kart som viser undersøkte områder A og B i vedlegg 5. 

Vurdering i høve forskrift om konsekvensutgreiing

Plantiltak vil ikkje legge til rette for tiltak i vedlegg I, jfr. forskrift om konsekvensutgreiing (KU-forskrifta) §6. Tiltaket er vurdert etter vedlegg II pkt. 10e), 11j), 11k), jfr. KU-forskrifta §8, men det er vurdert at planen ikkje vil få vesentlege verknader for miljø eller samfunn, jfr. KU-forskrifta §10. Det er på grunnlag av dette vurdert at plantiltak ikkje fell inn under forskriftas §8 saklege verkeområde, og vil såleis ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU). Verknad av plan vil bli vurdert i planomtalen.

Medverknad:

Fagmynde, grunneigarar/naboar mf.l vert inviterte til å kome med innspel gjennom varsling og kunngjering av planoppstart. Det vert lagt opp til tett dialog og avklaringar med aktuelle fagmynde undervegs etter behov.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 06.03.2020

Strandgata 15, 6905 FLORØ

Telefon 976 27 000/ 957 41 102

Epost: post@ivestconsult.no

Vedlegg 1: Nærmere beskriving av friluftsområde i eldre planar

Vedlegg 2: Oversiktskart og utsnitt av kommuneplan

Vedlegg 3: Utsnitt av kart med varsla plangrense

Vedlegg 4: Eldre reguleringsplanar i området med planavgrensing

Vedlegg 5: Kart frå undersøkte områder