Varsel om oppstart av planarbeid for Privat detaljreguleringsplan for Markegata 30 m.fl., Florø Sentrum

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering

Planområdet omfattar nordre halvdel av kvartal 29 i Florø sentrum, eigedomane Markegata 30 – 40, del av Magnus Thingnesgate og Rv5 Markegata, samt Hansenbakken Borettslag i søre del av kvartalet (Hans Blomgate 17), sjå vedlagt kart med lokalisering og planavgrensing. Varsla planområde utgjer 3,8 daa. Endeleg planavgrensing kan verte justert i planprosessen. Tiltakshavar for planarbeidet er Markegata 30 AS.

Historikk og reguleringsstatus

Det har tidlegare vore igangsett planarbeid for nordre del av kvartalet, seinast i 2016. Planforslaget den gong, strekte seg ut over rammene i dågjeldande kommunedelplan, både med omsyn til byggehøgd og verneinteresser knytt til bygg, og prosjektet vart avvist av kommunens planutval (jfr. sak 049/16 i Plan og Samfunn, Flora kommune). Det er no ønskjeleg å utvikle eigedomen innanfor rammene i nogjeldande kommunedelplan. Det ligg ikkje føre gjeldande reguleringsplanar for området i dag.

Rammer i gjeldande Kommunedelplan (Sentrumsplanen)

I kommunedelplan for Florø Sentrum (Sentrumsplanen), godtkjent 02.10.2018, er nordre del av kvartalet vist som Noverande Sentrumsformål, K29. Føremålet gjeld byggjeområde sett av til sentrumsføremål med tilhøyrande sentrumsfunksjonar som bustad, infrastruktur, forretning, kontor, offentleg tenesteyting og kulturtilbod. Innanfor område K29, er det opna for bygg på inntil 4 etasjar eller 14,5 m gesimshøgd. Vidare er det følgjande krav for området:

  • Nye tiltak skal tilpassast eksisterande bygningar når det gjeld landskap, høgde, volum og verneverdig kulturmiljø i Hans Blomgate.
  • Nye tiltak skal spesielt tilpassast omgjevnadane når det gjeld soltilhøve. Kommunen vil krevje sol/skugge analyse som del av søknad om løyve til tiltak.
  • Bygningar og tiltak skal tilpassast Markegata som er hovudtrafikkåre gjennom byen, og tiltak skal innordne seg krav og lov som ivaretek dette.
  • Det er ikkje krav om publikumsfunksjonar/næringsverksemd i kvartal på denne sida av Markegata.

Søre del av kvartalet er i Sentrumsplanen vist som Noverande Bustadformål, B13. Føremålet gjeld byggjeområde sett av til heilårsbustader med tilhøyrande teknisk anlegg, garasje, uthus, vegar, parkering og fellesareal. I tidlegare Sentrumsplan frå 2012, var Markegata 30 vist som særskilt verneverdig bygg, og Markegata 32 og 34 vist som verneverdige miljøobjekt. Ved revisjon av sentrumsplanen i 2018, vart verneverdi for desse bygga nedjustert, og desse eigedomane inngår ikkje lenger i omsynssone for bevaring av kulturmiljø. Eigedom i aust i K29 inngår i omsynssone for bevaring av kulturmiljø, H570_6.

Hovudformål med planarbeidet:

Formål med planarbeidet er å rive eksisterande hus på eigedomen Markegata 30 (gbnr. 202/13), og legge til rette for nytt bustadbygg med tilkomst og uteopphaldsareal. Første etasjane i bygget kan bli vurdert for næringsaktivitet, sjølv om det ikkje er krav til dette i dette kvartalet. Nytt bygg er tenkt i inntil 4 etasjar, med innvendig parkering i bakkant bygg, og tilkomst til parkering frå Markegata. Nytt bygg vil ligge litt meir tilbaketrekt frå Markegata enn eksisterande hus på tomta gjer. Det vil vidare bli vurdert lokalisering og løysing for uteopphaldsareal på eigedomen. Det vil bli utarbeidd sol-/skugge analyse for planlagt tiltak, som del av vurderingane i planarbeidet.

Nytt fortau langs sørsida av Markegata vil inngå i planarbeidet, basert på prinsipp i Vegvesenet sitt Forprosjekt for Markegata. Det er og tenkt stenging av Magnus Thingnesgate for biltrafikk mot Markegata frå sør. Sjå og nedanfor under avsnitt om trafikk.

For eigedomane Markegata 32-40, er det i planarbeidet tenkt vidareføring av eksisterande situasjon, basert på tilbakemeldingar frå eigarane i tidlegare planprosess. Det kan i planarbeidet vurderast om det kan etablerast tilkomst til naboeigedomar i bakkant av planlagt nytt bygg. Plan- og byggløysing mot tilgrensande bustadbygg i sør, Hansenbakken Borettslag, vil og bli vurdert i planarbeidet, og denne eigedomen er difor inkludert i varsla planavgrensing.

Trafikk:

Aktuelt område kjem i berøring med Rv5 Markegata. Vegvesenet har utarbeidd eit forprosjekt for Rv5 Markegata, der det er lagt opp til prinsipp om to-sidig fortau/gangsone langs Markegata, og stenging av Magnus Thingnesgate for biltrafikk slik at sørsida av Markegata kan opparbeidast som møblert gangareal.

I reguleringsplan for Markegata 30 m.fl., er det tenkt å kunne ta med seg prinsipp frå Vegvesenet sitt forprosjekt, med stenging av Magnus Thingnesgate for gjennomgangstrafikk frå Hans Blomsgate til Rv5 Markegata. Tidlegare Flora kommune har i desember 2019 utført trafikkteljing for denne parsellen av Magnus Thingnesgate. Trafikkteljinga viser samla ÅDT på 31 køyretøy i begge retningar. Dette er særs liten trafikk, og denne trafikken vil kunne overførast til nærliggande kryss, utan at det vil påverke kapasiteten eller trafikkflyten i desse kryssa.

I planlagt bygg for Markegata 30, vil det bli vurdert parkering i bakkant bygg, med tilkomst via Markegata. Ei slik tilkomst vil krysse nytt fortau, men trafikkmengda vil vere liten grunna liten tomt og dermed avgrensing i tilgjengeleg areal til parkeringskjellar.

Før oppstart av planarbeidet har det vore dialog med vegvesenet omkring trafikkmessige løysingar i forhold til Rv5 Markegata. Vegvesenet har meldt at dei vil krevje at fortau langs sørsida av Markegata inngår i plan, med rekkjefølgjekrav. Vidare er det gitt signal om at det kan vurderast parkering i bygg med tilkomst frå Markegata, samt stenging av Magnus Thingnesgate der det vert belyst eventuelle konsekvensar for nærliggande kryss.

Planoppstartsmøte med kommunen

Planprosess og omfang av plantema som skal vurderast særskilt, er avklara med kommunen (tidlegare Flora kommune) i oppstartsmøte den 02.10.2019. Av møtereferat framkommer det at aktuelle rikspolitiske føringar for planarbeidet er knytt til Born og unge og Riks- og fylkesvegar. Elles viser referatet at viktige planfaglege tema i planarbeidet vil vere:

  • Estetikk, byggeskikk, stadutvikling (jfr. føringar i Sentrumsplanen)
  • Støyvurdering, der bygg og private uteopphaldsareal må stette krav i T-1442
  • Trafikktryggleik i høve Rv5 Markegata, og utkøyrsle-løyve frå Vegvesenet
  • Teknisk infrastruktur og overvasshandtering
  • Universell utforming, folkehelse og born & unge / eldre
  • Kulturminne og verneinteresser bygg
  • Samfunnstryggleik og beredskap (ROS)
  • Klimatiske forhold og energiløysingar
  • Uteopphaldsareal/leikeareal, kvalitet
  • Parkering

I planarbeidet vil verknad av skisserte planfaglege tema bli belyst.

Vurdering i høve forskrift om konsekvensutgreiing

Aktuelt planområde er i gjeldande kommunedelplan sett av til Sentrumsformål med tilhøyrande sentrumsfunksjonar som mellom anna bustad. Formål med planarbeidet, og forslag til planformål, er vurdert å samsvare med overordna plan, og fell såleis ikkje inn under forskrifta §6, vedlegg I. Planen gjeld tiltak etter plan- og bygningslova, og fell såleis heller ikkje inn under forskrifta §7. Vidare er det vurdert at plantiltak ikkje fell inn under vedlegg II, at tiltaka ikkje vil føre med seg vesentleg verknad for miljø eller samfunn etter forskrifta §10, og at planen då heller ikkje fell inn under forskrifta §8. Planarbeidet er på dette grunnlag vurdert å ikkje falle inn under forskriftas saklege verkeområde, og dermed heller ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU).

Medverknad:

Fagmynde, grunneigarar/naboar mf.l vert inviterte til å kome med innspel gjennom varsling og kunngjering av planoppstart. Det vert lagt opp til tett dialog og avklaringar med aktuelle fagmynde undervegs etter behov. Partar og naboar i kvartalet vil bli inviterte til eige informasjonsmøte om reguleringsplanen.

 

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 24.02.2020

 

Vedlegg 1: Oversiktskart og planavgrensing.

Vedlegg 2: Forprosjekt Parsell Markegata, Statens vegvesen.

 

Strandgata 15, 6905 FLORØ

Telefon 976 27 000/ 966 27 987

Epost: post@ivestconsult.no